Copy
Nytt om nynorsk er eit nyhendebrev frå Noregs Mållag.
Noregs Mållag
07/2014
 

 Grunnlova på nynorsk!


 
– Noregs Mållag krev at Grunnlova kjem på nynorsk. Dette vil vera eit symboltungt vedtak om at me har to jamstelte norske språk, og eit godt føredøme i det fleirspråklege Noreg.

Den 6. mai skal Stortinget ta stilling til eit framlegg om å vedta Grunnlova på nynorsk. Slik det ser ut no, er det ikkje stort nok fleirtal for å endre Grunnlova. Både Nynorsk forum, Nynorsk kultursentrum og Noregs Ungdomslag har gjort vedtak for nynorsk Grunnlov.
 
Me treng alle gode krefter til å seia ifrå til stortingsrepresentantane at no er tida inne for å røysta for Grunnlova på nynorsk. Sjå vår nettside. Følg Noregs Mållag på Facebook, Twitter og Instagram gjennom påska, og bli med å spreie bodskapen.

 

Vel overstått landsmøte


I helga var det landsmøte i Noregs Mållag på Gardermoen. Då var det utdeling av prisar, ordskifte om språkpolitisk analyse, fråsegner, framlegg til nytt 4-årig-arbeidsprogram og val av nytt styre. Les om landsmøtet på våre nettsider. 

 

God påske!


Krambua


Er du klar for konfirmasjonssesongen? I krambua finn du helsingskort til alle føremål, og mykje anna materiell som høver til både stands, kulturkveldar, verving og gåver.

 

Kalender

Dette skjer i Mållags-Noreg. Vil du ha med ei tilskiping i kalenderen? Send melding til kalender@nm.no


Det er over 3 700 som abonnerer på Nytt om nynorsk. Kjenner du nokon som kunne vere interesserte, så send dei eit tips om at dei kan melde seg på her, eller dei kan sende ein e-post til medlem@nm.no.
SMS "NYNORSK" TIL 2490
Du kan verve medlemer eller sjølv bli medlem av Noregs Mållag på SMS. Send NYNORSK til 2490, og du blir medlem i Mållaget. Prisen på kr 200 blir trekt på mobilrekninga.

Følg oss på instagram

@noregsmallag

Og kom gjerne med framlegg til nye emneknaggar.
© 2014 Noregs Mållag