Copy
Nytt om nynorsk er eit nyhendebrev frå Noregs Mållag.
Noregs Mållag
11 / 2012: OKTOBER


Historisk gode vervetal

Hausten er ei veldig god vervetid. Frå 1. oktober kan du bli ny medlem ut 2013 for berre 200 kroner. Med andre ord eit supertilbod!

Den aller enklaste måten å melde seg inn i Mållaget på er ved å sende ei tekstmelding med kodeordet NYNORSK til 2490. Dei som melder seg inn på SMS betaler 200 kroner over mobilrekninga.

Til no i år har heile 11 890 medlemer betalt medlemspengar for 2012. Kan vi ha ein sjanse til å nå over 12 000 medlemer i år? I så fall blir dette eit historisk år. Så mange medlemer har ikkje Noregs Mållag hatt sidan 1992.


Dagseminar i Bergen, laurdag 17. november

Noregs Mållag inviterer til dagsseminar i Bergen saman med Hordaland Mållag, laurdag 17. november. Emne for dagen er Kvifor nynorsk?  Kva norskfag som er best for nynorsken og målstrid i Spania. Alle nye medlemer i Mållaget er ekstra velkomne! Les meir og meld deg på.


AUF vil ha eigen karakter i sidemål

I helga vedtok landsmøtet i AUF med stort fleirtal at dei ynskjer eigen karakter i sidemål. Etter vedtaket braut det ut ståande applaus i landsmøtesalen. Les meir.
 


Vellukka mållagsseminar på Lillehammer

Førre helg var det samla 75 deltakarar på Noregs Mållag sitt svært vellukka haustseminar på Lillehammer. Det var både fleire gode innleiarar, gode ordskifte og god stemning. Les meir ifrå seminaret.
 

Kandidatar til Nynorsk næringslivspris 

Juryen for Nynorsk næringslivspris 2013 inviterer lokallaga til å kome med grunngjevne framlegg til kandidatar som fortener denne prisen. Frist: 15. desember 2012. Les meir om korleis du kan melde inn kandidaten din her.

 

Nynorskstafetten

Neste år er det Språkåret 2013 – 200-årsjubileum for Ivar Aasen. Noregs Mållag feirar året med å reise rundt i heile Noreg med Nynorskstafetten 2013.

 


Funne på nettet

Klarspråk Quiz
Ordbok med den nye rettskrivinga
 

Kalender

Dette skjer i Mållags-Noreg. Vil du ha med ei tilskiping i kalenderen? Send melding til kalender@nm.no


Noregs Mållag har flytta!

Ny besøks- og postadresse er Lilletorget 1, 0184 OSLO.

Det er over 2 000 som abonnerer på Nytt om nynorsk. Kjenner du nokon som kunne vere interesserte, så send dei eit tips om at dei kan melde seg på her, eller dei kan sende ein e-post til medlem@nm.no.
SMS "NYNORSK" TIL 2490
Du kan verve medlemer eller sjølv bli medlem av Noregs Mållag på SMS. Send kodeordet nynorsk til 2490, og du blir medlem i Mållaget. Prisen på 200 kroner blir trekt på mobilrekninga.
© 2012 Noregs Mållag