Copy
Nytt om nynorsk er eit nyhendebrev frå Noregs Mållag.
Noregs Mållag
07 / 2013: IVAR AASEN 200 ÅR!
 

200-årsdagen for Ivar Aasen – 5. august



I dag, måndag 5. august, er det 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd! Me feirer ein intellektuell kjempe som ruver i moderne europeisk historie og er ein av dei mest sentrale nasjonale strategane i Noreg.

Noregs Mållag og Norsk Målungdom har teke i bruk heile året for å feire Ivar Aasen. Allereie i januar opna Nynorskstafetten i Hovdebygda i Ørsta, og den vil rulle vidare frå 19. august til 19. oktober og avsluttar i Bygland på Agder.


Heile Bergens Tidende på nynorsk i høve 200-årsdagen

I dag har heile Bergens Tidende kome på nynorsk.

- Dette er me svært glade for. Me seier Takk, Ivar Aasen, men no legg me til Takk, Bergens Tidende. I dag feirar me 200 års-dagen for Ivar Aasen, og Bergens Tidende feirar kanskje på den aller beste måten med å gjere dette til ein nynorsk avisdag, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.
 

Nynorskpolitikk for det 21. hundreåret

Noregs Mållag og Nynorsk kultursentrum legg i dag ut ei felleserklæring til 200-årsdagen for Ivar Aaasen.

– Den nynorsken Ivar Aasen skapte, er blitt eit nasjonalspråk. Som eit mindre brukt språk treng nynorsken å bli løfta politisk, og det må vere eit mål for språkpolitikken at fleire skal halde på og velje å skrive nynorsk, seier leiar Marit Aakre Tennø i Noregs Mållag.

– Nynorsk er eit meir robust skriftspråk enn nokon gong, og den språklege toleransen i Noreg er større enn før. Det er eit godt utgangspunkt for å utvide bruksområdet for nynorsk, seier styreleiar Reidar Sandal i Nynorsk kultursentrum.


Verv medlemer på SMS

Den du skal verve kan sende ei tekstmelding med kodeordet NYNORSK til 2490 for å melde seg inn i Mållaget. Dei som melder seg inn på SMS betaler kr 200 over mobilrekninga, og vi får automatisk medlemspengane i det dei melder seg inn.
 

Kalender

Dette skjer i Mållags-Noreg. Vil du ha med ei tilskiping i kalenderen? Send melding til kalender@nm.no


Det er over 2 800 som abonnerer på Nytt om nynorsk. Kjenner du nokon som kunne vere interesserte, så send dei eit tips om at dei kan melde seg på her, eller dei kan sende ein e-post til medlem@nm.no.
SMS "NYNORSK" TIL 2490
Du kan verve medlemer eller sjølv bli medlem av Noregs Mållag på SMS. Send kodeordet nynorsk til 2490, og du blir medlem i Mållaget. Prisen på 200 kroner blir trekt på mobilrekninga.
© 2013 Noregs Mållag