Copy
Nyhetsbrev 31. mars 2020 

Månadens klimadata: Slik har Vest-Noreg endra seg på 100 år

Den komande tida kjem vi til å inkludere oppdaterte klimadata med kvart nyheitsbrev. Denne gongen er det professor Helge Drange som tek temperaturen på Vestlandet.
Temperatur Vest-Norge: Årstemperaturen har auka med 1,2 °C over dei siste 100 åra; og det er klar temperaturauke for kvar månad gjennom året.

Målebasert temperatur for Vest-Norge sidan 1990 gjennom året (søyle til venstre) og for kvar månad. Kvart punkt syner temperatur år for år, og overgangen mellom lys og mørk raudfarge syner gjennomsnittsverdi for perioden 1901-2000. I tillegg er lineær trend (endring) vist for dei siste 100 åra (svart strek) og 50 åra (blå strek).

Data frå https://frost.met.no.
Nedbør Bergen: Gjennomsnittleg årsnedbør er på 2,3 meter, medan 100-årstrenden er ei auke på nesten 0,5 meter. Vidare er det klar auke i nedbør for vintermånadane desember, januar, februar og mars, medan det er små endringar for sumarmånadane mai, juni og juli.

Målt nedbør i Bergen sidan 1990 for året (søyle til venstre) og for kvar månad gjennom året. Kvart punkt syner nedbør år for år, og overgangen mellom lys og mørk blåfarge syner gjennomsnittsverdi for perioden 1901-2000. I tillegg er lineær trend (endring) vist for dei siste 100 år (raud strek) og 50 år (gul strek).

Data frå https://frost.met.no.

Spør ein klimaforskar på heimekontoret


Kvar fredag i vekene som kjem, kan du stille spørsmål til ein av våre klimaforskarar. Vår direktør Tore Furevik var med frå heimekontoret på Sotra førre veke, sjå opptaket her.(Sendinga hakkar noko mellom 10.00 - 16.00 min ut i sendinga)

Fredag 3. april er Helge Drange, professor ved UiB og Bjerknessenteret parat ved mikrofonen. Spør han om havnivåstigning og klimadata i Noreg og i verda. Sendingen foregår her.

Fredag 17. april presenterer Erik Kolstad ved NORCE og Bjerknessenteret årets sommarvarsel. Sendinga foregår her.
 

Interessert i fleire klimadebattar på nett? 

Hans Christian Steen-Larsen deltok i den digitale klimadebatten under dokumentarfilmfestivalen CPH:DOX.
Sjå The Climate Talk Show her 

#Klimakvarteret
Sjå webinar med Helge Drange om klimamyter hos Norsk K
klimastiftelse mandag 30. mars. Lenke her

Centre for Climate and Energy Transformation (CET) ved UiB har digitale lunsjseminar kvar onsdag. Sjå programmet her

En varmere verden er en mer kaotisk verden 

I en framtidig varmere verden kan man få store endringer i havsirkulasjon slik at den vil være mer kaotisk, variere mer. Det er konklusjonen i en ny studie publisert i det prestisjetunge tidsskriftet Science.

Eirik Vinje Galaasen (bildet) var førsteforfatter på studien som også inkluderte fem andre bjerknesforskere fra Institutt for geovitenskap, UiB og NORCE. 

Podcast: Historia om hockeykøllegrafen 

Den såkalla hockeykøllegrafen var sentral i den såkalla Climate Gate i 2009. Grafen står seg framleis. Den har satt spor, både for klimaforskninga og for klimaforskinga si rolle i samfunnet.

I denne podkasten fortel Øyvind Paasche historia om denne spesielle kurven. 
Bjerknessenteret lagar månadlege podkaster, på engelsk rettet mot forskermiljøene, og på norsk rettet mot eg klimainteressert publikum. Lytt på våre nettsider, i Spotify eller der du laster ned podkaster.
Fått med deg disse? 

Til Øst-Afrika med klimavarsling  
Det nye EU-prosjektet CONFER ruller ut sesongvarsling som kan redde bøndenes avlinger, styrke matsikkerheten og redusere flom. Erik Kolstad ved NORCE og Bjerknessenteret leder prosjektet


Koronautsatt folkeforskning 
Restene av vinterens ekstremvær finnes i snøen på fjellet. Harald Sodemann får hjelp av skigåere til å finne ut hvor snøen kommer fra, men årets påskeprosjekt må imidlertid utsettes til neste år. 

Askefunn fra vulkanutbrudd 27.000 år tilbake 
«Nesten 27.000 år etter vulkanen Hekla hadde et voldsomt utbrudd på Island, fant vi igjen spor av aske i sedimenter fra havbunnen utenfor Grønland. Det gir oss et viktig kronologisk holdepunkt når vi pusler sammen klimahistorien.» Det skriver Sunniva Rutledal, phd-student ved Institutt for geovitenskap ved UIB og Bjerknessenteret om en ny studie. 
 
Twitter
Facebook
Instagram
Copyright © 2020 Head of Communication, All rights reserved.


Want to change how you receive these emails?
You can update your preferences or unsubscribe from this list

Email Marketing Powered by Mailchimp
Twitter
Facebook
Website