Copy

UKENS OST

Hitra Blå og Kristines Myke
To nydelige og mindre kjente oster fra Hitra Gårdsmat.
 
 

Sunniva Kambestad fra Colonialen Fetevare i Strandgaten har valgt å tilbringe ferien sin på Hitra Gårdsmat for å lære så mye som mulig om gårdsdrift og om osteproduksjon. På sin reise vil hun sende oss noen reisebrev for å dele historier og kunnskap hun tilegner seg på sin studietur.
 

HITRA GÅRDSMAT
Hitra Gårdsmat er på Helgbustadøya, Hitra utenfor Trondheim. De lager fremragende oster og har høstet mange priser og mye flott omtale for sine oster og sin gårdsdrift. Her bruker de kalveløype fra egen gård i produksjonen, og osten modnes i en naturlig kjeller, med naturlig temperatur og fuktighet.  Alt dette gir smak og særpreg til osten - ikke bare ser den god ut, men lukter deilig også – ekte håndverk!
 
Hitra Gårdsmat har alltid drevet med frittgående kyr, halmsenger og selvbetjente børster i tillegg til at kyrne går ute hele året. De legger stor innsats for at husdyra skal ha det godt og hevder at det kan en kjenne igjen på smaken på sluttproduktet!


 

REISEBREV

Hitra Gårdsmat
Hitra Gårdsmat har alltid drevet med frittgående kyr, halmsenger og selvbetjente børster i tillegg til at kyrne går ute hele året.
 
 
Hei!
 
Her på Hitra går dagane fort, det er noko som skjer frå 5.30 om morgonen til 22 om kvelden, og eg lærer masse! Allereie fyrste dagen, rett etter nattog og kystekspressen, var det rett i ysteriet, i fjøset, kinne smør og å ta ein prøverunde i bil med automatgir, så eg kunne køyre til Bondens Marked med Bodil. 
 
Det varierer litt frå dag til dag kva eg gjer, men denne veka har eg køyrd til Bondens Marked og levert ost/handla varer på vegen, var der frå måndag til tysdag og rigga og selde ost, før eg køyrde tilbake tysdag for å vera med Yngvar, mannen til Bodil, i fjøset. Sidan var det fjøsrunde om morgonen (me mjølker, skraper golvet, gir høy og slepp ut kalvane til "ammetantene" sine) (Her køyrer dei sitt eige opplegg med to kyr som ammar kalvane, i staden for å gi dei sjølv, og fann ut at kalvane la på seg dobbelt så mykje når dei fekk gå med ei ku), ysting før lunsj, gi kalvane igjen, yste, middag, gå fjøsrunde kl. 5 (med mjølking og skraping), så går eg vanlegvis ein liten tur med border collien Rex, om eg har energi igjen, før kveldsrunde i fjøset kl. 9. Og så det same neste dag. No er Bodil tilbake, så eg tek ikkje like mange fjøs-rundar i helga. 
 
I ysteriet har eg vore med på å lage liten Hitra blå, stor Hitra blå, Grotteost, ung Grotteost, og på tysdag skal me lage Kongeost. I tillegg er eg ein del nede i ostekjellaren der eg snur ostar, og det blir ein del pakking, dypping i mugglake, og salting. Hygienen er sjølvsagt supernøye, så eg dusjar mellom kvart fjøsbesøk og ysteribesøk. I tillegg går me alltid med eigne sko, frakkar og hovudplagg i ysteriet, og vaskar ned alt utstyr og golv etter kvar ysting. 
 
 
Ha ein strålande dag!
 
Helsing Sunniva 
 

 

Salting av Hitra blå
Dei vert fyrst snudd 3 gongar same dagen som dei er ysta, neste dag vert dei salta på den eine sida og så på den andre sida neste dag.

 
Øvre ystekar:
Mjølka kjem inn gjennom eit hol i veggen litt over kl. 7 om morgonen. Fyrst vert det tilsett kultur, litt avhengig av kva ost ein skal lage, og mjølka vert halde varm på rundt 32 grader. Etter ei stund kan ein tilsetje løype, på bileta måler Beyene opp løype frå kalvemage. Løypen gjer at mjølka etter kvart vert heilt fast, slik som vist på biletet over.

 
Når mjølka er fast kan ho skjærast. Dette vert gjort fyrst for hand, og deretter også med maskin dersom ein lagar grotteost, der ostekorna vert skore litt mindre enn til blåosten. Retninga ein skjer er viktig, det skal helst bli berre små, kvadratiske ostekorn.
 
Etter ei stund er det oppausing. Mykje av mysen vert tappa ut (mysen vert også helt over formene og kassane ostemassen vert ståande i, så det skal ha same kultur), og ostekorna vert ausa i former. Dette må skje litt fort, fordi korna endrar konsistens medan det blir ausa. På bilete over auser Kristine opp til små Hitra blå.
 
Som sagt vert ostane snudd tre gonger og salta- stor Hitra blå i to omgangar, og små Hitra blå i éin. Her er Beyene i ferd med å salte små Hitra blå.
 
 Stor Hitra blå ligg også litt i press - før snuing og salting
 
 Deretter vert muggostane (Hitra blå, Hitra kvit, og Kristines myke), dyppa i mugg. Muggen vert dryssa på lunka vatn med litt salt i.
 
  Kristine smakar på Kristines myke som deretter blir pakka.
 


Ja takk, vi digger ost!

Colonialens Fetevarer har de flotteste ostediskene i Bergen by. Med et rikt utvalg av geit, sau, ku og bøffelmelk ønsker vi å vise det beste av hva osteverden har å by på både fra lokale, norske, nordiske og europeiske osteprodusenter.


Velkommen til hyggelig ostehandel!
Les mer om ost her
Link
Website
© 2018 Colonialen,


Vil du oppdatere måten du mottar disse e-postene?
Du kan oppdatere innstillinger eller melde deg av listen